Med videofilm som reiskap

Eit kollegasamarbeid om å utvikle handverksundervisning

Författare

  • Karen Brænne Høgskulen i Volda
  • Sissel Midtlid Høgskulen i Volda

DOI:

https://doi.org/10.7577/TechneA.4723

Abstract

Denne artikkelen handlar om erfaringar frå eit felles FOU-prosjekt der ein høgskuletilsett lærer ein kollega å dreie leire. Læringssituasjonen blir støtta med sjølvobservasjon gjennom videofilm. Målet for arbeidet er å utvikle kunnskap om potensialet i videofeedback som ein medierande reiskap i dialog mellom kollegaer, men også mellom enkeltindivid – material og analoge verkty. Korleis erfarer eit kollegapar at videofeedback (VFB) kan utvikle refleksjon over handverks­under­visning, der situasjonen er dreiing i leire? Metoden er skildra som autoetnografisk. Forskarane sine erfaringar er samla i tekstloggar, skrivne etter studie av video­filmane. Analysen er gjort etter inspirasjon frå analysemetoden meinings­fortetting (Kvale & Brinkmann, 2015), og kjem til gjennom tre faser: Gjennomlesing og temaidentifisering, frå tema til koder, og frå koder til meiningsfortetting. Artikkelen fokuserer på tre forhold der VFB ser ut til å utvikle refleksjon over hand­verks­­undervisning i dette prosjektet:Dei teknologiske moglegheitene ved VFB hjelper læraren å sjå eiga “teoretisk” plattform. Den multimodale forma ved VFB fram­kallar kinestetiske og kroppslege minner. VFB fungerer som eit vitne, ei 3. stemme som påverkar det relasjonelle i samarbeidet.

Downloads

Publicerad

2021-12-23

Referera så här

Brænne, K., & Midtlid, S. (2021). Med videofilm som reiskap: Eit kollegasamarbeid om å utvikle handverksundervisning. Techne serien - Forskning i slöjdpedagogik och slöjdvetenskap, 28(4), 21–34. https://doi.org/10.7577/TechneA.4723