Å utvikle eit fagleg repertoar i kunst og handverk
Grunnlag for djupnelæring i eit praksisfellesskap på 5. trinn
DOI:
https://doi.org/10.7577/TechneA.5840Abstract
Denne artikkelen bygger på ei kasusstudie frå 5. trinn innan det norske grunnskulefaget kunst og handverk (KH). Undersøkinga søker større kunnskap om det faglege repertoaret av delte ressursar elevane i eit spesifikt praksisfellesskap øver inn og etablerer etter målsettinga om djupnelæring gjennom tre observerte oppgåveperiodar. Engelskspråkleg litteratur omtaler mellom anna djupnelæring som deep learning og in-dept learning. Data er henta frå deltakande observasjon, 12 individuelle elevintervju og dokument i form av oppgåvetekstar. Tematisk innhaldsanalyse av visuell og skriftleg data viser at praksisfellesskapet først og fremst øver inn og etablerer eit ferdigheitsorientert handlingsrepertoar frå praktisk skapande arbeid med verktøy og materiale. Dette er i tråd med gjeldande læreplanverk og forbunde med premissa for praksisen. I lys av det faglege repertoaret som kjem til uttrykk i kasusstudien samt konseptet Knowledge Building kan ein seie at fellesskapet utviklar kunnskapsbasen sin. Det viser seg at elevane i liten grad omgrepsfestar sitt eige læringsutbytte, men at dei koplar læringa til ulike aspekt av det praktisk skapande arbeidet.
Nøkkelord: Kunst og handverk, Praksisfellesskap, Ferdigheitsorientert handlingsrepertoar, Djupnelæring, Knowledge Building
Downloads
Publicerad
Referera så här
Nummer
Sektion
Licens
Copyright (c) 2024 Elin Austbø Simonsen, Professor Laila Belinda Fauske
Det här verket är licensierat under en Creative Commons Erkännande 4.0 Internationell-licens.
Authors who publish with this journal agree to the following terms:
Authors retain copyright and grant the journal right of first publication with the work simultaneously licensed under a Creative Commons Attribution License that allows others to share the work with an acknowledgement of the work's authorship and initial publication in this journal.
Authors are able to enter into separate, additional contractual arrangements for the non-exclusive distribution of the journal's published version of the work (e.g., post it to an institutional repository or publish it in a book), with an acknowledgement of its initial publication in this journal.
Authors are permitted and encouraged to post their work online (e.g., in institutional repositories or on their website) prior to and during the submission process, as it can lead to productive exchanges, as well as earlier and greater citation of published work (See The Effect of Open Access).