Læringssyn i skaparrørslelitteraturen
DOI:
https://doi.org/10.7577/TechneA.4946Abstract
Skaparrørsla (på engelsk Maker movement) veks raskt verda over og løftar fabrikasjon- og kommunikasjonsteknologi som nye verktøy inn i kreative prosessar, saman med det skapande menneskje som nøkkelspelar i den digitale utviklinga av samfunnet. Skaparrørsla insisterer på at å skape er ein grunnleggande menneskeleg aktivitet og i ein skaparverkstad (på engelsk Makerspace) er læringa som skjer i- og mellom menneskjer, og i møte med material og verktøy, den viktigaste verdiskapinga. Rørsla let seg vanskeleg knytte til ein enkelt kultur, trend eller hending. Snarare er det eit samanfall av fleire samtidige, som haker-, restarter- og gjer-det-sjølv-rørslene (DIY), samt ideear og tankesett frå entreprenørskap- og STE(A)M-pedagogikken m.fl. Skaparverkstader er no etablert både i- og utanfor formelle læringsmiljø i Noreg, i folkebibliotek, museum, vitskapssenter, skular og universitet. Rørsla er slik også iferd med å påverke det pedagogiske arbeidet i skulen, særleg i øving av digitale kompetansar og arbeid med teknologi. Samtidig er det vanskeleg å identifisere ei stringent retning på kva læringssyn dette styrer etter. Målet med studia er å undersøke korleis forskarar har skildra og analysert tankesettet knytt til læring i skaparrørslelitteraturen frå tidlegare studiar, internasjonalt og nasjonalt, med eit særleg søkelys på kunst- og handverksfaget. Gjennom litteraturgjennomgangar kjem det fram at den skaparsentrerte undervisninga og læringa både har fått form og fotfeste som er tilpassa og integrert i dei skulekulturane der både rørsla og forskinga har fått halde på ei stund, som i USA. I norsk samanheng er både skaparrørsla og skaparrørsleforsking kome kortare. Førebels er det fyrst og fremst STEM-fag og uformelle læringssituasjonar som har tatt eigarskap og gitt form til den skaparsentrerte pedagogikken. I kunst- og handverksfag-samanheng dreier forskinga seg i stor grad om prosjekt utført i- og av høgare utdanning.
Nøkkelord: læringssyn, læring, skaparverkstad, skaparrørsle, kunst- og handverksfag
Downloads
Publicerad
Referera så här
Nummer
Sektion
Licens
Copyright (c) 2023 Ingrid Holmboe Høibo
Det här verket är licensierat under en Creative Commons Erkännande 4.0 Internationell-licens.
Authors who publish with this journal agree to the following terms:
Authors retain copyright and grant the journal right of first publication with the work simultaneously licensed under a Creative Commons Attribution License that allows others to share the work with an acknowledgement of the work's authorship and initial publication in this journal.
Authors are able to enter into separate, additional contractual arrangements for the non-exclusive distribution of the journal's published version of the work (e.g., post it to an institutional repository or publish it in a book), with an acknowledgement of its initial publication in this journal.
Authors are permitted and encouraged to post their work online (e.g., in institutional repositories or on their website) prior to and during the submission process, as it can lead to productive exchanges, as well as earlier and greater citation of published work (See The Effect of Open Access).